Posted in

Heia, Raud Ungdom!

Mye har endra seg i verda sidan eg som medlem av Sosialistisk Ungdomsforbund i 1969 var med på å bli kasta ut av Sosialistisk Folkeparti. Likevel ser eg klare parallellar til korleis Raudt i dag er i ferd med å kvitte seg med sin eigen ungdomsorganisasjon.

Dei siste åra har RU sine etterkommarar i Raudt vore mest opptatt av kor vi tok feil, ikkje av kor vi hadde rett. Men SUF/RU rundt 1970 var faktisk dei første i Noreg som analyserte verda og stilte seg på den fattige delen av verda si side mot imperialismen. Dei første som støtta den palestinske frigjøringsrørsla, blant dei første som støtta Vietnam mot USA. Solidaritet med den kjempande verda mot imperialismen var eit hovudgrunnlag i politikken til rørsla som RU var ein viktig del av. At vi bomma på analysen av ein del frigjøringsrørsler er ei anna sak, det viktigaste var at vi valde side mot imperialismen.

For 50 år sidan snakka vi om utviklingsland og industrialiserte land. No er det i stor grad endra til nyindustrialiserte land og avindustrialiserte land. Samtidig har motvekta Sovjetunionen falt frå kvarande og sit igjen som eit mindre, men stadig meir desperat Russland, ettersom NATO innringar dei og meir og meir tydelig arbeider for eit regimeskifte eller ytterligare oppdeling. Den rike, kvite del av verda har blitt meir og meir desperat, etter som den mistar det økonomiske overtaket og sit igjen med rein militær makt og eit enormt propagandaapparat.

I Norden har den desperate imperialismen hatt store sigrar dei siste åra. Etter å ha provosert fram ein krig i Ukraina, har dei fått Sverige og Finland skremt inn i NATO og samla så godt som heile den tidligare venstresida i Noreg bak opprustning for krig. Den største politiske sigeren til USA/NATO og det norske borgarskapet i dei siste 70 åra er sjølvmordet til SV og Raudt som utanrikspolitisk opposisjon.

I Klassekampen 11.04. står ein lang artikkel om den såkalte “Frankfurterskolen”, såkalte nymarxistar som var ein antifascistisk og tilsynelatande sosialistisk opposisjon, men som fikk sterk økonomisk støtte frå makta i USA, nettopp fordi dei unnlot å analysere og kritisere imperialismen. I same avisa står eit opprop frå mange medlemmar av Raudt mot partileiinga si behandling av sin eigen ungdomsorganisasjon. Dagens Raudt har, i likheit med søsterpartiet SV, same rolle som Frankfurterskolen. Opposisjon innafor dei grensene som makta kan godta. Klart illustrert med prioriteringa av kampen mot “Forskjells-Norge”, samtidig som ein stiller seg på feil side i kampen om “Forskjells-Verda”. Løna kjem (enno) ikkje frå CIA, men frå den imperialistiske norske oljestaten, som tar Raudt inn i varmen som ein del av regjeringa sitt parlamentariske grunnlag. At ikkje Raudt er tatt direkte inn i regjeringa skuldast bare at Ap finn det mogleg i dagens situasjon å regjere aleine med 4 andre parti som røystekveg.

Raudt-leiinga si behandling av eigen ungdomsorganisasjon slår det meste, både SF/SUF i 1969 og dei mange konfliktane mellom AP og AUF. RU sin kritikk (Klassekampen 10.04.26) set presist fingeren på kva utvikling som har skjedd i Raudt, der karrierepolitikarar sin kamp om posisjonar har overtatt for aktiv støtte til kjempande opposisjon heime og ute. Der det viktigaste er IKKJE å ha ei analyse, verken av verda eller av det norske samfunnet.

Eg opplevde sjølv frå innsida korleis Raudt-leiinga knebla opposisjonen og brukte pressmiddel mot dei som ønska ein sosialistisk og antiimperialistisk politikk. Det var støtta til NATO sin krig i Ukraina som gjorde utslaget da eg meldte meg ut, men etter kvart har eg sett at dette bare er utslag av ei gjennomført feil forståing av verda. Ein kamerat av meg delte synet mitt, men valde å prøve å snu Raudt frå innsida. Da blei han ekskludert etter lang innsats for partiet. No ser det ut som heile ungdomsorganisasjonen skal ofrast på vegen mot regjeringstaburettane.

Raudt er i dag ikkje eit anti-imperialistisk, men eit pro-imperialistisk parti. Det hadde eingong parola “For folket – mot makta”. I dag er det ein del av makta. Det er eit parti for Vesten mot Resten. RU sin kritikk er heilt rett og fortener vår fulle støtte. Det er fortsatt mye bra folk med i Raudt, og eg vonar dei kan snu skuta. Men eg fryktar dei vil måtte gjøre som vi gjorde i 1969: Starte å bygge opp noko nytt.

Svein Lund

medlem av SUF/RU 1968-77

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *